onsdag 1. april 2009

Første møte med klubbsykling!

Reiste inn til Kiwi-butikken i Alvermarka der eg traff syklistene i Nordhordland sykkelklubb. Eg vil seie at me var i god gjeng som sykla utover til Radøy for intervalltrening i bakken ved Lifjellet, Li-siden. Sykla opp og ned nokre gonger og pausa så på toppen. Kjende det godt i lårene dei siste 200 meterne opp for å sei det sånn. Etter det sykla vi rundt Haukåsen til Sletta der det igjen var eit lite stopp. Så vidare innover. Sjølv sykla eg rett heim. Vart litt for lite med ein flaske vatn merka eg, så det var greit i dag:) Neste gang husker eg nok både ein og to bananer samt meir drikke. Alt i alt ein fin tur med kjekke folk og nye erfaringer! Knas!

1 kommentar:

  1. Glømte og si at det blir garantert litt sniksykling i bakker og;)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...