Sist tysdag, og i dag gjekk difor turen over Sandviksfjellet. Tysdag gjekk med kortbukser, og utan kamera. Resultat: kløe på leggane etter 4 mrd. knott som også skulle over Sandviksfjellet, og ingen bilete. Lærekurva peikar heldigvis oppover, og i dag var antrekket bytta ut til lange bukser og kameraet var med (les: mobiltelefonen). Resultat: Ingen knottekløe og mange fine bilete.
Turen byrja med veeeeeeldig roleg jogging ut i Sandviken og opp Munkebotten. Deretter fortsette eg opp i lia ved enden av Munkebotn-vatnet (eller tjernet - usikker på navnet). Det er ein flott sti, og opp den verste kneika er det laga trapper her også (nett som i Stoltzen ). Når Ravneberget er passert er i grunn den verste stigninga unnagjort, sjølv om det er eit stykke att til toppen. Vidare går det i bedageleg gange opp forbi Sandvikshytten, via Dræggehytten, og så over Kvitebjørn (trur eg det heiter) mot Rundemannen. På vegen passeres speiderhytta "Kåken." Speidarane har teke skiltinga på fjellet alvorleg, og har blant anna indikert retning og distanse til Paxtu. Eg nøyde meg i denne omgang med å setja kursen mot Rundemannen. Heile vegen hadde eg ei feiandes flott utsikt. Det er ikkje utan grunn at flesteparten av bileta har eitt visst nasjonalromantisk preg :-) Derifrå gjekk det i lett jogg heimattatt via Tippetue.
Tidsbruk: 2,5 timar eller deromkring. Det tok si tid å ta alle desse bileta, dessutan må ein ta seg tid til å nyte utsikta.
Velkommen til blog, Ståle B! Kjekt at du på elevert vis tar ansvar for nynorskandelen på blogen :)
SvarSlettJeg hadde tenkt å utforske en lignende rute ved neste høve, men da med en sløyfe ekstra til nordenden av Langevannet (like nord for Munkebotnvannet), oppover til Orretuva og direkte til Kvitebjørnen. Ut i fra bildene dine ser det ut som jeg har en flott tur i vente!
Det trur eg du har, ja. Eg vurderte også den ruta i går, men det var litt for seint på kvelden. Eg trur forøvrig desse rolege langturane har mykje for seg reint treningsmessig også. Ein ting er at me spring Stoltzen / Vidden for å perse osv, men lange, rolege "restitusjonsturar" er også goe greier innimellom blodsmaken i Stoltzen.
SvarSlett