fredag 7. august 2009

Exploration Goat - Selhamar og Geilo

Etter retur frå Frankrike med solskinn og bading, reiste ungane og eg til fjells.
På vegen over Vikafjellet svingde også me oss inn på anlegsvegen innover i Stølsheimen. Frå bilen var det om lag tre km. gange inn til Selhamarhytta. Turveret i fjellheimen var det same som det har vore resten av sumaren i denne delen av landet. Vått og grått, men med gode klede gjer ikkje det noko. I utgangspunktet var planen å overnatte ei natt på turisthytta og så nokre netter i telt. Grunna været, samt at dette var den fyrste "ordentlege" fjellturen til kidza (samt at eg sjølv følte eitt visst behov for komfort, altså delvis tørre klede), vart me verande på Selhamar i tre dagar. Dagane gjekk med til leik og moro, litt fisking o.l. i nærleiken av hytta. I tillegg var det ivrig UNO-speling både tidleg og seint. Dessutan var det fleire born der, og det var jo gjevt for ungane få nokon å leike med. Etter nokre dagar i Stølsheimen var det retur til Voss for klesvask osv. Deretter gjekk turen til Geilo for besøkt til foreldra mine si hytte. Veret var det same, men det var rikeleg anledning til å leike i slengdissa i skogen, bygge demning og sende pinnar i bekkane, i tillegg til intens UNO - speling også her. Dei store ekspedisjonane innover Hardangervidda vart det ikkje, men ein liten fisketur heilt åleine greidde eg å snike meg til. Tru det eller ei - det vart fisk! Finfin middagsfisk for ein person (altså meg). Alle var samde om at det hadde vore ein fin tur :-)

3 kommentarer:

  1. Å så kjekt det så ut og været så ikke ut til å plage dere, fine bilder. Mathias ble veldig imponert over fisken din;)

    SvarSlett
  2. Høy geitefaktor, Ståle B. -jeg ble også meget imponert over fisken din. Når været butter i mot, Nugatti-lageret er tømt og far er lei av å leke bomgjemsel i en hytte på 25m2, da er det aldri feil å trekke frem en bunke med UNO-kort.

    SvarSlett
  3. Hvordan går det forresten med Sundagutane, synnes de har hatt veeeeeldig lang summarferie no;(

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...