søndag 13. september 2009

Vidden

Det var forventning i lufta då brødrene Engeli og meg sjølv møttest til viddeduell tidleg ein sundagsmorgon - for 0930 er tidleg ein sundag. Faktisk så tidleg at ikkje eingong billettseljarane på Fløibana er på plass. Takka vere automaten fekk me likevel løyst gyldig billett opp, men deltakarane var spent på kva som venta. Enkelte var meir spent enn anrdre, som de ser av biletet.

Om lag 0945 gjekk startskotet. Før start vart det gjort spede forsøk på snakka ned forventningane (som vanlig), men då løpet var i gang var dette tydeleg alvor. På veg mot Brushytten blånekta Lars å verte med på nokon lett passiar om filmen han såg i går - pusten skulle ikkje kastas bort på chit-chat.



Brødrene Engeli har vore på denne turen før. Som Vidde-jomfru valde eg å henge meg på Lars som hadde god oversikt over i kva bakkar han burde spare kreftene. På veg mot Rundemannen hadde Lars og eg opparbeidd oss eitt lite forsprang på Marius, som kom i fin stil om lag ein sving eller to bak. I nedoverbakkane frå baksida på Rundemannen vist Lars strålande teknikk i nedoverløping på det særs ulendte, våte og sleipe underlaget. Han opparbeidde seg eitt lite forsprang medan eg forsøkte å ta meg ned med stilen sånn nokonlunde i behald. Etter ei lita stund nådde eg han att, og me heldt fylgje deretter. Då Borgaskaret var forsert, kunne me sjå Marius i fine klyv inn mot botten av bakken. Lars og eg sprang saman, og skifta på sherparollen eitt godt stykke framover, heilt til det nesten sa stopp for meg. Urutinert som eg er på sånne lange turar, hadde eg ikkje teke meg bryet med å ta med vatn, medan brødrene Engeli stilte med Camelback. For min del fortonte etterkvart kvar ein liten myrpytt seg som sjølvaste Farris-kjelda, og det vart fleire drikkestopp i diverse bekkar og småvatn. Då forsvann Lars for meg, og eg greidde aldri ta han att. Den siste halvtimen sprang me i einsom majestet alle saman.
Lars kom i mål på 1.47, eg på 1.50.29 og Marius nokre minutt etter det igjen (tidene vert registrert i Turloggen for dei som er spesielt interesserte).

Grunna alt regnværet som har vore dei siste dagane/vekene var dette ein særdeles gjørmete tur:



Eg sprang med min Garmin Forerunner, og heile ruta, kvart pulsslag og kvart feilsteg kan gjenopplevast på Garmin Connect.

Vonaleg rekk me minst ein tur til som dette før sesongen er ferdig.

2 kommentarer:

  1. Må si du gjorde irriterende god debut i klyvet over Vidden, Ståle. Litt ufint av deg å vippe meg ned på 3.plass, men slik er gamet i høyfjellet. Hmf.

    Jeg kommer sterkt tilbake i neste klyv!

    SvarSlett
  2. Vi ble enige om å gjenta denne turen én gang til før vi gir oss for sesongen, og da håper vi selvsagt at flere geiter henger seg på. Ellers kan det jo nevnes at Stoltzen-toer, Marius Jacobsen, gikk denne løypen en dag forsinket, på tiden 1:47:47. Det er jo gode poteter!

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...