mandag 1. mars 2010

Fløien - Vidden - Ulriken og attende

Av alle dagar eg valde å gjennomføre min jomfrutur over vinter-Vidden, trur eg valde den beste. Fabelaktig ver, føre og selskap gjorde dette til ein strålandes tur. 

11-bana opp Fløien, litt diskusjon omkring festevoks (eg valde klister frå i fjor - som funka), glidesonar osv, var me igang kl 1115.  Lars stilte jo med nye ski som hadde ein fantastisk gli. På vegen innover var det jo ein del fotgjengarar som ikkje akkurat heldt samme tempo. Rett ved brushytten nådde han att ein av desse fotgjengarane, og iverksette unnamanøver. Fotgjengaren føretok diverre manøver i samme retning. Lars iverksette så unnamanøver II: ut i laussnøen, med fjeset fyrst. Manøveren lukkast, og ingen fotgjengarar vart skadd. Ei heller Lars for den del, men eitt stk. øyra fyllt med snø må påreknast. Dette var for så vidt fornøyelig for oss som fekk sjå på også.

Deretter bar det oppover mot Rundemannen, og i friskt driv for alle mann ned baksida der. På resten av turen over mot Ulriken var me for det mest opptekne av å nyte det flotte veret. Sekretariatet noterte to timar og 50 minutt på strekninga Fløien - Ulriken (så vidt eg hugsar).
Matpakke og kaffi  vart fortært med Udsigter fra Ulriken, før me vende snuten mot Fløien att. Veret heldt seg like flott på tilbakevegen, og den gjekk føre seg utan nevneverdig dramatikk (unntatt eitt par uheldig løypevalg frå underteikna).

Returen vart gjort unna på to timar og fem minutt. Unnakjøringa rundt Blåmannen og ned Kamveien var rosina i pølsa :-)
Kort og godt ein fabelaktig tur i feiandes flott vinterver.

2 kommentarer:

  1. For en fantastisk tur! Nydelig vær og flotte forhold. Neste gang bør vi være med alle sammen og låne barna ut:)

    SvarSlett
  2. Sekretariatet har levert et godt referat fra en flott tur og jeg får bare leve med at tryningen min seiler opp som et av referentens store høydepunkt :)

    Det hadde vært kjempebra om vi kunne tatt en felles geitetur, så vi får se om vi kan finne en dag som passer mellom vinterferie og påske.

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...