Eg går rundt omkring så fort at ein skulle tru at eg både hadde stelt sko og ankelvekter. Kastar meg på eliptikalen, og gjer halsbrekkande pilatesøvingar på kontoret. Men det er ikkje nok. Så eg har i tillegg slått meg på latmannstrening. Uloggbar trening vil eg og berre påpeike.
Eg har vore på Clas Olson og kjøpt meg eit belte med muskelstimulator. Det er altså eit belte som ein festar rundt vomma (der som sixpacken skulle ha vore - eller i teorien er). Så kan eg legge meg ned på senga, starte muskelstimulatoren - og ligge der å verte trent. Det er obskurt antall situps og andre akrobatiske øvingar som vert gjort av dette beltet. Det stimulerer musklane på ein måte ein nærmast ikkje kan fatte. Det stimulerer og andre ting. Som lysta til å ta ein tur på toalettet. Samarbeider med andre ord bra, med sukkerfrie lakserande produkt - som eg i ein krisesituasjon som no - tyr til.
Spørsmål et er berre om det er verdt det. Eg heldt dykk orientert.

Så det er dette du bruker pengene fra Fritt Ord på?! Skal si du tar deg store friheter som forfatter, selv om du sikkert skal skrive flexedingsen av på skatten. Når det er sagt - ser frem til oppdatering!
SvarSlett