fredag 19. februar 2010

Exploration Goat

Flott å sjå at Exploration Goat fana er henta fram igjen Linda. Litt av moroa er jo å komma seg litt rundt og prøva nokre nye skiløyper, gå på nokre andre fjell enn ein brukar å gjere osv. Det som for min del gjer det litt for lett å velge det vante og trauste, er praktiske ting som kvar skal eg parkere? Er det bompengar? Kva er det greiaste utgangspunket for turen osv. For ei god stund sidan oppretta eg eit Exploration Goat Kart. Her kan og bør alle Fjellgeiter legge inn slike merke for å dele sin praktiske informasjon med andre åndsfrender. F.eks. kan det vere kjekt å vite kor mykje bompengar du må ha med deg om du skal inn i Stølsheimen,

at det er eitt flott turområde på Voss i Herresåsen, og ikkje minst at det er eitt basseng på Hagahaugen som er særdeles varmt og godt (dette er eitt terapibasseng). Spesielt interesserte vil kanskje også vite kvar strutsefarmen i Fyllingsdalen er. Det kan jo vere noko å besøke på veg ned frå Løvstakken.

Austlandsgeitene kan jo dele sine landemerke med oss Vestlandsgeiter også. Det hender jo at me er i hovudstaden og treng ein luftetur. Då er det fint å sleppe å eksperimentere, og å vite kvar ein skal gå for ein fin tur. Så vær så god - alle som har vore på utforskingstur bør legge inn landemerka og praktiske detaljar her.


Vis Exploration Goat i et større kart

1 kommentar:

  1. Glimrende, Ståle! Dette er nyttige saker. Jeg har bidratt med en oppføring på kartet(på Vidden) og ved å klikke på symbolet kommer det opp en lenke til alle innleggene på som er merket med "Vidden".

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...