torsdag 15. april 2010

Vårforkjølelse

Endeleg er våren her. Etter å ha trakka gatelangs i månadsvis med med stilongs, pelshue og rim i skjegget - tittar endeleg sola fram og skapar glede for glade Fjellgeiter. Men gleda vart også i år kortvarig. Ikkje det at det ikkje er sol, men at vårforkjølelsen kjem sniknande etter ein har vore for optimistisk med utepilsen.



Så her ligg eg då. Utan å få trent ein centimeter, og kjenner på at alle rasar forbi meg på geitegrafen. Men i all min elendighet, så har eg sidan eg er så god og snill, laga nokre treningstips til dei Fjellgeitene som i dag sitt verfast pågrunn av aske frå Island. Dei finn du her i innlegget sunn livsstil på flyplassen. Vonar dei kjem til hjelp. Fjellgeitene avdeling Oslo helser alle - og berre vent til eg er frisk att (og til at Liv riv seg laus frå sofaen) då er hansken kasta. Langt.


Mi fattige trøyst her eg ligg - med meir smerte enn ei kvinne nokonsinne kan forestille seg. Akk.

1 kommentar:

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...