To grader, regn, litt vind. Dette var rammene for dagens løp i Maratonkarusellen. Arrangøren prøvde å skape sydenstemning med å la Vengaboys dundre ut over anlegget på Fana Stadion, men det hjalp ikkje. Det faktum at eg var gjennomvåt og lettare frossen før start gav lite assosiasjonar til playaen på Gran Malaria. Vengaboys eller ei.
Over til løpet. Oppladninga har jo vore så som så, men eitt par månader med kun tilfeldig forbipasserande treningsøkter er ikkje oppskrifta på toppform. Dette ispedd ei veke med litt influensa tilsa at dette kunne verte nokre lange kilometer. Kroppen fungerte relativt greitt i starten, og håpet steig om å kunne komme i mål på ei anstendig tid i underkant av to timar. Løypa var forholdsvis bra. Arrangøren har gjort ein storveges innsats her, og det var bart nesten heile vegen. Ein og annan skøytebane sjølvsagt, men alt i alt var det greitt. Undervegs var det også rikelig påfyll med cola og japp, som skulle gi energi gjennom løypa, men det hjalp ikkje nok. Men nesten - eg kom i mål på 2.00.37 som er min verste prestasjon i karusellen så langt. Faktisk dårlegare enn løpet i Oktober, då eg lada opp med røyk og øl kvelden før. Uansett er det bra å vere igang igjen, og så vår me satse på at resten av løpa i 2011 blir ein opptur frå no.
Suveren innsats! Morsom og artig egenevaluering, og flotte "stemningsbilder" :-)
SvarSlett(Røyk og øl som en del av oppladingen? hm.....den har jeg ikke hørt før :-)men det viser vel bare at man aldri blir utlært i dette gamet). Uansett, du startet og gjennomførte. Bare det er en seier. Veldig bra.
Haha, ikke rare sydenstemningen på disse bildene, nei. Kanskje BFG burde supplert med paraplydrinker på drikkestasjonene?
SvarSlett