mandag 23. november 2009

Makspuls II

Cathrine, Lars og underteikna møtte opp på Mulebana kl 1930 for å delta i galskapen. Ein auke i oppmøte på 50% sidan sist forsøk på laurdag må seiast å vere akseptabelt, men om fleire har lyst å vere med neste gong er det berre å hive seg på.

I tråd meg Olympiatoppens råd var det 20 minuttars oppvarming på veg bort mot Munkebotten før me gjekk i gang med eksperimentet. Tre drag á tre minutt, med to minuttars aktiv pause i mellom stod på programmet.
13 minutt med frivillig lidelse, alt i vitenskapens (og galskapens?) teneste. Det var som seg hør og bør tung pust og pes, vondt i beina og middag på retur på slutten av draga, men såpass må vel til skal ein finne makspulsen sin.

Resultata denne gongen:
Cathrine: 196 (med ein Stoltz i beina frå tidlegare i dag)
Lars: 193 (ein opp frå sist)
Ståle B.: 188 (som sist)

Deretter gjekk det i rolig tempo attende til Mulebana for det tradisjonsrike lagbiletet.
Ved Meyermarken kom så eg med den geniale kommentaren: "Me skal ikkje ta ein halvtime i sone 1 då, Lars?" "Ja, eg e klar," kom det kvikt og kjekt frå unge Engeli, og vips blei turen forlenga med ein halvtime ut i Amalie Skramsvei med retur i Heien og Formanssvei.

Turen kan gjenopplevast her (mi pulsklokke). Lars sin tur ligger her.

Slik nedjogging skal jo gjerast i låg intensitet, såkalla pratetempo. På slutten var det meeeeeget stor skitpratfaktor, så både Lars og eg var samde om at det bør gå ei stund til neste gong me tek ein slik tur. Evt. gjennomfører den i høgare intensitet så me sluttar å prate og fokuserer på pust. Seier Olympiatoppen noko om denne problematikken skal tru? Køyr debatt!
(...men alle var samde om at det hadde vore ein gild tur).


Skyhøg pulsklokkefaktor

1 kommentar:

  1. I dag kjørte jeg en test i en hel time uten å forlate sone 1, som for meg er fra 130 til til 161 slag pr min. Jeg klarte å holde ganske god fart uten å hoppe over i sone 2. Det ble litt "sakte kino" opp Ole Irgens, men ned forbi Sagen måtte jeg guffe på for ikke å bli "soneløs". Siste halvtime kunne jeg øke farten noe. 1 mil på ca 1 time. Konklusjon: Sone 1 er glimrende mellom to dager med intervalltrening, og perfekt for å lytte til siste episode av RR. Ligger man i øvre del av sone 1 er det ikke rom for så prat, hvis en vil holde litt fart. Hilsen sone1-entusiast. Turen ligger her: http://connect.garmin.com/activity/19560486

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...